”BLEST” om Vangsgata på seminar i Drammen.

Representantar for Vossevangen Huseigarlag og Voss kommune har i fellesskap delteke på seminar i Drammen; der ”Blest”-prosjektet med fargesetting av fasadane i Vangsgata vart presenterte,
Vossa-prosjektet hausta positiv merksemd under presentasjonen i Drammen.
Prosjektet ”Fargar for arkitektur” , - utarbeidd plan for fargesetting av fasadane i Vangsgata -, er som kjent tildelt 1 million kroner i statleg stønad som såkalla ”BLEST”-prosjekt (Bolyst og engasjement i små byar og tettstadar). Stønaden skal gå til gjennomføring av dette fargesettings-prosjektet; og kommunen og Huseigarlaget har etablert ei særskild arbeidsgruppe som skal stå for gjennomføring.
”Gjennomføring av fargeprosjektet skal vera prikken over i-en, etter ein lang periode med istandsetting av Vangsgata for å heva miljøstandarden i Voss sentrum som regionsenter”, heiter det. Istandsetting, grunnarbeid, måling m.v skal igangsetjast frå april månad i vår; og heile prosjektet skal vera fullført innan november i haust.
Million-tilskotet frå¨Kommunal-og regionaldepartementet (”BLEST”-prosjektet) pluss eigenkapital frå huseigarane skal utgjera prosjektfinansiering. I tillegg vil det også bli søkt om regionalt tilskott frå Hordaland fylkeskommune.

Huseigarane i Vangsgata vert 11.februar kalla saman til møte for å førebu eit opplegg for bruk av midlar til aktuelle tiltak; herunder retningsliner og vilkår for tildeling av tilskott til kvar einskild huseigar.


Publisert av Gunnar Dagestad. Ansvarleg Gunnar Dagestad. Første gong publisert 11.02.2008
Søk
Skriftstørrelse
a - a - a
Kontaktinformasjon
Voss kommune
Uttrågata 9
Boks 145
5701  Voss
 
postmottak@voss.kommune.no
 
 
Telefon : 56519400
Faks : 56519651
Org.nr. : 960510542
Kontonr. : 3201 46 70954
Kommunenr. : 1235
Snarvegar
  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Lag PDF SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Eksterne lekkjer
Voss i media
Vaksdal Posten
 
Fylkesmannen i Hordaland
 
Bergens Tidende
 
Bergens Tidende
 
Fylkesmannen i Hordaland
VisitVoss
Vakttelefon Tekniske tenester
Vakttelefon Tekniske tenester
Regjering og Departement
Vegvisar til det offentlege
For tilsette!
Bedrekommune
Levert av ACOS AS
Ansvarleg redaktør Einar Hauge      Telefon 56519400      E-post: postmottak@voss.kommune.no